Unge funksjonshemmede leverte 29. februar sitt høyringssvar i saka om å unnta dei fleste studentbustadane frå krava til tilgjengelegheit.
Kommunal- og regionaldepartmentet har føreslått at 80% av studentbustadane skal få unntak frå dei fleste av krava i Teknisk forskrift som sikrar at dei er tilgjengelege for rullestolbrukarar og andre grupper av studentar med nedsett funksjonsevne eller kronisk sjukdom. Visse krav blir halde oppe, som kravet til heis og at inngangspartiet i tilbygningen skal vera tilgjengeleg. Krava som blir fjerna er mellom anna krava om at det skal vera muleg å komma inn i den einskilde bustaden, og at toalettet skal vera tilgjengeleg. Til gjengjeld blir det krav om besøkstoalett i gangen.
Mot unnataket
Unge funksjonshemmede argumenteter i sitt høyringssvar mot unnataket. Me meiner at dei økonomiske argumenta for unnataket er sterkt overdrevne. Mesteparten av ekstrakostnadane med nye byggereglar skyldast krav til heis og energieffektivitet, ikkje krava til tilgjengelege rom. Vidare fryktar me at unnataket skal bidra til ei utholing av regelverket for andre typar bustadar òg, fordi det generelle prinsippet om tilgjenge for alle blir oppgjeve.
Fyrst og fremst er me mot unnataket fordi det vil gjera det vanskelegare for studentar som er avhengige av rullestol å delta aktivt i studentmiljøet. Det blir vanskelegare å komma på besøk til vener busett i studentbyar, eller å vera med på festar.
Subsidiært framlegg: Ein reell besøksstandard
Unge funksjonshemmede har utforma eit framlegg til korleis ein reell besøksstandard bør sjå ut. Me krev her at studentbustadar som ikkje er knytt til felles opphaldsrom (som stove/kjøken) skal ha tilgjengelege rom. Krava til tilgjenge til balkong, bod m.m blir fjerna.
Les høringssvaret på ungefunksjonshemmede.no