Søk
Close this search box.

Alternativ og supplerende kommunikasjon tatt inn i Opplæringsloven fra 1.august 2012

Endringen styrker retten til alternativ og supplerende kommunikasjon

De aktuelle paragrafene etter endring:

  • § 2-16 Opplæring av elevar med behov for alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK) lyder nå slik:
    Elevar som heilt eller delvis manglar funksjonell tale og har behov for alternativ og supplerande kommunikasjon, skal få nytte eigna kommunikasjonsformer og nødvendige kommunikasjonsmiddel i opplæringa.
    Når ein elev ikkje har eller kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, har eleven rett til spesialundervisning etter reglane i kapittel 5. Dette inkluderer nødvendig opplæring i å bruke alternativ og supplerande kommunikasjon.
  • § 3-13 Opplæring av elevar, lærlingar og lærekandidatar med behov for alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK) lyder nå slik:
    Elevar, lærlingar og lærekandidatar som heilt eller delvis manglar funksjonell tale, og har behov for alternativ og supplerande kommunikasjon, skal få nytte eigna kommunikasjonsformer og nødvendige kommunikasjonsmiddel i opplæringa.
    Når ein elev eller lærekandidat ikkje har eller kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, har eleven eller lærekandidaten rett til spesialundervisning etter reglane i kapittel 5. Dette inkluderer nødvendig opplæring i bruk av alternativ og supplerande kommunikasjon.
  • § 3-14 Opplæring av elevar med behov for alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK) lyder nå slik:
    Elevar som heilt eller delvis manglar funksjonell tale og som har behov for alternativ og supplerande kommunikasjon, skal få nytte eigna kommunikasjonsformer og nødvendige kommunikasjonsmiddel i opplæringa.
    Når ein elev ikkje har eller kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, har eleven rett til spesialundervisning etter reglane i § 3-6. Dette inkluderer nødvendig opplæring i bruk av alternativ og supplerande kommunikasjon.
  • § 4A-13 Opplæring av vaksne med behov for alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK) nå slik:
    Vaksne som heilt eller delvis manglar funksjonell tale og har behov for alternativ og supplerande kommunikasjon, skal få nytte eigna kommunikasjonsformer og nødvendige kommunikasjonsmiddel i opplæringa.
    Vaksne som ikkje har eller kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, har rett til spesialundervisning etter reglane i § 4a-2. Dette inkluderer nødvendig opplæring i å bruke alternativ og supplerande kommunikasjon.

Les hele Opplæringsloven hos lovdata.

Facebook
Twitter
LinkedIn